Opp av skyttergravene? Dette var overskrifta på leiaren i AN torsdag. Og utgangspunktet var utdanningsnivået i Nordland og det framtidige ”universitetet” i Bodø. Her får Narvik og Nesna så øyra flagrar og blir skulda for å gå i skyttergravene. Men du tar feil, hr. Redaktør, det er Bodø som er i skyttergravene, med skylappar, der dei har vore så lenge eg kan hugse. Og det er i allefall eit halvt århundre. Det er ikkje Narvik og Nordfylket som har vore nei-staden framfor nokon, det er Bodø! Her har ein i alle år sagt nei til det meste som ikkje direkte har gagna denne kaia i havgapet (orsak uttrykket). Ta ein titt på det glimrande lesarinnlegget til sjefen for Futurum 24/2 (jada, hr. Redaktør, eg veit Futurum ligg i Narvik, og at ein i Bodø derfor ikkje skal ta han alvorleg) der han dokumenterer ein god del av årsakene til at Bodø blir uglesett i Nordfylket. Lat meg berre peike på eit par tilleggsmoment han har gløymt: Nei til vidareføring av Nordlandsbanen frå Fauske (rett nok er det synet delvis endra fordi ein føler seg sikker på at ei vidareføring i dag uansett er eit luftslott), Nei til Nordkalottvegen over Bjørnfjell, Nei til Lofast osv.
I leiarartikkelen peikar du på at tidlegare rektor ved HiN, Edel Storelvmo har endra syn på utdanning i Nordland: ” Storelvmo har tatt steget opp av skyttergraven, sett dagens realiteter i øynene”
Riktig, Storelvmo har skifta hatt, ho har tatt avseg HiN-hatten og tredd den nordlandske NHO-hatten godt nedover både auge og øyre. Det er jo jobben hennes. At ho dermed etter mi meining blir halvt blind, er ei anna sak.
Så viser du til vår anonyme stortingsrepresentant, Anna Ljunggren som i følgje deg “ser verdien av SAMARBEID mellom utdanningsinstitusjonene i Nordland og NORD-NORGE!.”
(uthevingane gjort av meg)
Nettopp hr. redaktør! SAMARBEID i NORD_NORGE! Og det er det Høgskolen i Narvik har vore med på i mange år (i motsetnad til det snart såkalla universitetet i Bodø). Og ikkje berre i Nord-Noreg, men eit samarbeid på Nordkalotten! Det er slikt samarbeid Bodøfikserte Nordland “fylke” aldri har skjøna. Heller ikkje at fylkesgrensa er ei tvangstørye for Nord-Noreg som landsdel. Det er nemleg ikkje slik (sjølv om du trur det) at det som er godt for Bodø, er godt for heile landsdelen.
Ofte snarare tvert om!
Thor Johnsen
Kommentarer
Et samarbeid krever at alle parter bidrar. Slik at en samarbeidsløsning kan ikke være konstruert av en part, for så og bli tredd nedover hodet på de øvrige samarbeidspartene. Dessverre er det i mange tilfeller totalt håløst å få til samarbeid mellom diverse lokaliteter innen samme fagfelt, som i utgangspunktet skulle ha samme målsetning med sitt arbeide. I dette tilfelle, å skape en best mulig høgskolestruktur, til gavn for studenter og de fremtidige arbeidsgiverne. Felles for disse, er at de ikke spør om hvilken struktur den utdanningsinstitusjonen de kommer fra har hatt, men de ser hvilke kvaliteter de innehar. Det er dessverre slik at, det ALDRI kommer til å skje at sammenslåinger/struktur endringer mellom institusjoner, hvor den ene er lokalisert i et mindre lokalmiljø og den andre i et større miljø, vil skje uten sverdslag. Det kommer alltid til å være slik at de som kommer fra det største miljøet blir sett på som “den stor stygge ulven”. Dette er ikke spessielt for Nordland, hvor Bodø later til å være den som “alle er redde for”. Dette skjer overalt, og alle skuler mot de som er større. Det betyr imidlertid ikke at det alltid at det er slik det er. Narvik miljøet sloss lenge med nebb og klør mot et felles hurtigruteselskap, et selskap det NÅ kan se ut som har livets rett, med hovedbase i Tromsø. Harstad sloss mot Narvik ifht sykehus og pasienter, her vil ikke det minste miljøet underlegges det største, men Narvik ligger nå under Tromsø. Bodø sloss med Tromsø, om svært mange statlige etableringer, hvor Tromsø vinner endel av kampene, mens Bodø stikker av med sin part. Hvem som her har gått i skyttergraven, skal jeg ikke ta stilling til, men samtaler og samarbeid viser seg som regel å gi de beste løsningene, selv om endel kameler må svelges underveis.
Faktisk har du mykje rett i det du seier – reint generelt. Berre eit par kommentarar til faktiske “hendingar”. For det første: Narvik (OVDS) slåss ikkje mot eit felles hurtigruteselskap, men mot TFDS som i tillegg til i praksis å vere konkurs, ville flytte alt til Tromsø. Resultatet blei likevel at ein fusjonerte og at OVDS blei “vinnaren”. Selskapet hamna altså i Narvik (med underavdeling i Tromsø).
Når det gjeld sjukehusstriden, så er det korrekt at sjukehuset i Narvik no ligg under UNN i Tromsø. Og tru meg, det er noko ganske anna enn å vere underlagt Bodø. Ikkje slik at vi får alt slik vi vil, men med UNN er det faktisk mogleg å føre ein DIALOG! Dessutan, det er temmeleg mykje enklare å måtte reise til Tromsø (i dei tilfelle ting ikkje kan “fiksast” lokalt, enn til Bodø. Det gjeld både transport og ikkje minst kompetanse.
Sagt på ein annan måte, Tromsø er nok den store stygge ulven for eit Bodø full av mindreverdskompleks. Og rett nok kan dei skape problem for Narvik også. Men fordi du har ein del rett generelt, av to onder er Tromsø det minste, sett frå nordfylket.
Og framleis hevdar eg at fylkegrensa i dette tilfelle verkar som ei tvangstrøye og at vi burde sjå ein masse ting i sein større samanheng. Noko Bodø erfaringsmessig ikkje er i stand til.
Thor J